mandag 28. september 2009

Homosiger!

Det er svært gledeleg i lese på aftenposten sine nettsider idag at 5 av 7 representanter i Oslo bispedømmeråd vil tale dei homofile sin sak og jobbe for ei meir inkluderande kyrkje. I Stavanger er dessverre resultatet stikk motsatt, men eg trur uansett at framtida vil gje oss ei endå meir inkluderande kyrkje. Det trur eg fordi eg trur dei aller fleste mennesker i dette landet har eit opent sinn og vil likebehandle alle folk uansett legning. Dessverre er det ikkje slik i alle kyrkjer idag, men den dagen når alle kyrkjer let homofile vere prestar på lik linje med dei heterofile, då skal eg vere den første til å juble!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar