søndag 27. september 2009

Kvardagen!

No er det sånn cirka nøyaktig ein månad sidan eg starta på skule i Volda. Eg må innrømme at eg var utruleg spent på korleis forskjellege ting ville utvikle seg når studielivet starta. Korleis ville eg trives med å studere? Korleis ville hybellivet fungere? Kva ville skje med fotballen og Vigra som eg var sterkt innvolvert i? Korleis ville det å vere borte frå kjæresten tre-fire dagar i veka påverke meg?

Studiane finn eg både interessante og lærerike. Eg har endå ikkje vore borte frå ei einaste forelesning og eg føler eg er motivert til å gjere ein del sjølvstudium. Akkurat no er det pedagogikk og RLE vi studerer, og begge fag er artige. I tillegg har vi allereie vore ei veke i observasjonspraksis. Eg var heldig og fekk vere på Åse barneskule saman med ei 1.klasse. Dette vart ei utruleg kjekk og lærerik veke. I november skal eg ha to nye veker med praksis her. Det gler eg meg til!

Etter at studiedagen er ferdig er det hybellivet som tel. Dagane har blitt veldig rutinemessige, noko som både er positivt og negativt. Positivt ved at eg veit kva eg skal gjere til ei kvar tid, mens det er negativt ved at dagane blir veldig monotome. Slik ser stort sett dagane mine i Volda ut: Stå opp-studere-trene-sjå tv/dvd-legge meg. Heldigvis går dagane fort!

Fotballen og Vigra IL som eg er sterkt innvolvert i som trenar, spelar og fotballskule ansvarleg, har vel fått litt mindre merksemd frå meg no som eg bur i Volda, i forhold til då eg budde heime. Eg kan ikkje reise heim til kvar einaste trening og hovedfokuset mitt no ligg på studiane. Eg følar eg må prioritere meg sjølv mest no. Uansett vil eg alltid vere glad i Vigra og av den grunn fortsette å engasjere meg i så stor grad som tida strekk til. Det vil seie at eg i første omgang skal fortsette å vere trenar og spelar også framover visst idrettslaget vil ha meg. For å oppretthalde mitt fotballferdighetsmessige nivå må eg til neste sesong finne en klubb i Volda området å trene saman med. Håpar og trur Volda kan vere den klubben. Nokon brikker på denne fotballbiten må falle på plass til neste år, slik at eg kan prestere godt både på skulen og som trenar/spelar.

Den delen eg var mest spent på, og den som er den viktigste for meg, var korleis forhaldet til kjæresten ville utvikle seg når eg flytta på hybel. Sjølv om eg berre er borte halve veka, har eg ikkje budd borte frå øya før, og av den grunn heller ikkje vore i eit forhald der eg er borte frå den eg er glad i mange dagar i strekk. Heldigvis har det på dette området gått veldig bra, både for meg og Kariann. Vi vil sjølvsagt vere saman så mykje som råd, men ved å vere litt vekke frå kvarandre rekk vi å savne kvarandre og begge får tid til å prioritere studiane/jobbane våre. I tillegg er vi veldig flinke til å kose oss når vi er saman. Dette gjer at vi har det flott ilag, kanskje betre enn nokon gong:)

Når alt kjem til alt er eg veldig fornøgd med korleis ting utvikler seg i livet mitt no. Studiane har starta bra og det er motiverande at eg veit eg vil bli lærar om nokon år, visst eg berre jobbar hardt. Hybellivet ser eg berre på som ein liten negativ del som eg må gjennom for å nå eit mål som eg veit vil gi meg masse glede i framtida. Derfor gjer det meg heller ingenting, og dagane går som sagt fort. Vigra IL går bra sjølv om eg er i Volda, og eg er fortsatt engasjert og motivert for å gjere ein god jobb for laget mitt. Til slutt har eg ein flott motivasjon å sjå fram til heime: Etter endt skuleveke og mykje jobbing veit eg at kjæresten ventar heime på meg.

Livet er bra for min del for tida! Eg veit nokon nedturar vil kome, det skjer med alle, men eventuelle problem og utfordringar tek eg når den tid kjem. Fokuset mitt skal uansett ligge på at eg skal gjere mitt beste på alle område eg er innvolvert i: Kjæresten, studiane og Vigra IL a-lag. Håpet er at mitt beste er godt nok til å ta godt vare på alle desse viktige områda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar