tirsdag 28. juli 2009

Premier League sesongen 2009/10

Heldigvis nærmar det seg start på Premier League og den engelske fotballsesongen. Eg er sjølv Leeds supportar og gledar meg til oppstart i League one og Leeds sin kamp mot opprykk. Det er noko spesielt med å sitte ein laurdag kl 16.00 med ein tippekupong framfor seg å sjå på tippekampen, mens plingane oppe på skjermen kjem fortløpande. Årets sesong i PL trur eg vil verte rekordjevn. Dei fire store har vore relativt rolege på transfermarkedet, mens Man City med arabiske sjeikar i bakhånd, handlar spelarar som galne. Her er mine tips for den komande sesongen:

1. Chelsea: Laget er ikkje vesentleg styrka på verken spelarsida eller trenarsida. Kjøpet av Zhirkov er litt merkeleg når laget allereie har Cole på v.back og ein Malouda som viste storform på slutten av fjorårets sesong på v.kant. Dette er posisjonane som russeren også vil spele. Ancelotti er ein kjempedyktig manager, men at han er betre enn Hiddink har eg mine tvil om. Når eg allikavel tippar Chelsea som vinnar er det fordi dei allereie har eit kjempegodt lag og eg trur med Drogba og J.Cole skadefrie gjennom ein heil sesong, så vil london laget sin rutine og kvalitet, med ny offensiv kreativitet av Drogba og Cole, føre gullet tilbake til dei blå. Motivasjonen bør også vere på topp. Eit anna argument er at ingen av hovedrivalane er vesentleg styrka heller. Det er tøft for alle lag, også Man Utd, å vinne serien år etter år.

2. Man Utd: Laget har mista si store stjerne Ronaldo og det vil sevfølgeleg svekke laget, spesielt offensivt. At Tevez også forsvann er ikkje heldig. Kjøpet av Owen meinar eg er eit genitrekk. Ein slik typisk målscorar spiss har ikkje Man Utd hatt sidan Nistelrooy. Berbatov og Rooney er strålande spelarar som vil halde Owen ein del på benken, men Owen vil få mykje speletid og score mange mål. Eg set litt spørsmålsteikn med midtbana til Man Utd mot dei beste laga. I CL finalen vart Carrick og co utspelt og eg meinar at det er her laget kan tape gullet. Bakover og heilt framme er laget strålande.

3. Man City: Laget har handla som galne før sesongen og penger flyg hit og dit, men kjøpa har med eit unntak vore kjempebra. Tevez, Barry og Santa Cruz er gode kjøp som hevar laget betrakteleg, men å bruke 250 mill på Adebayor med så mange gode offensive spelarar frå før av, er rart etter mitt skjønn. Får laget inn ein forsvarsspelar (Toure) i tillegg til dei allereie gode kjøpa, og med Robinho, Richards, Bridge og Ireland i laget frå før av, så trur eg City tek eit kjempesteg mot toppen denne sesongen.

4. Liverpool: Eg trur laget hadde ein maks sesong i serien ifjor. Laget er meget bra, med nokon store unntak på sidene i forsvar og framover. Benitez har gjort eit bra kjøp i Johnson, som er ein offensiv back som Mersyside laget lenge har ventet på. Uansett følar eg det er noko kvalitet som manglar og Liverpool er det laget som er mest avhengig av enkeltspelarar (Gerrard, Torres). Skal laget vinne PL må desse ha perfekte sesonger utan skader og det trur eg kan verte vanskeleg å få til. Eg synast det er rart at Owen, ein lokal, god, billeg spelar, ikkje vart henta. Han kunne ha avlasta Torres og Gerrard når det gjeld mål. I tillegg har rykter om Mascherano og Alonso sine avganger herja i sommar. Sjølv om dei sikkert forblir på Mersyside er slike langvarige rykter aldri heldige, spesielt når spelerane det gjelder aller helst vil spele for Barcelona og Real Madrid. Etter mitt skjønn er det mykje som talar for at Liverpool kan få slite meir den komande sesongen.

5. Arsenal: Laget har det største potensialet med ein haug med strålande unggutar, men rutina og pondusen til å vere stabile nok manglar. Ein defensiv midtbanespelar burde vore kjøpt inn, samtidig som laget treng betre dekning på stopparplass. På desse to posisjonane må det vere meget gode spelarar som kan ta ansvar og vere ledertyper. På denne måten kan unggutane blomstre endå meir. Tapet av Adebayor har ingenting å seie, sidan laget har så mange gode offensive spelarar i stallen frå før av. Å miste Nasri i 3 mnd pga skade er mykje verre. Arsenal vil spele den beste fotballen i enkeltkamper og underhalde stort, men dessverre er ikkje laget godt nok til å vinne PL som har 38 tøffe kampar. Når det gjeld Arsenal håper eg at eg tek feil, for laget spelar god fotball og satsar stort på unggutar, noko eg meinar fleire lag burde gjere.

Vi gler oss:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar