tirsdag 28. juli 2009

Mullah FRP

Nyheitene siste tida har vore dominert av Mullah Krekar. NBC, ein amerikansk tv kanal, har laga eit program der dei jaktar terroristar rundt om i verden. Første episode som vart vist på TV2 førre veke, handla om Mullah Krekar og kvifor han fortsatt får lov til å vere i Noreg. I denne episoden ser du tv-teamet skaffe eit dokument skreve under av kurdiske styresmakter ved antiterrorsjefen, som garanterer at Krekar ikkje risikerer dødsstraff eller tortur om han vert sendt tilbake til Nord-Irak. Dette dokumentet ga sjølvklart FRP vatn på mølla og i programmet er det kun Siv Jensen og Carl I.Hagen av norske politikarar som får seie si meining på vegne av det norske folk. Programmet vart forresten slakta av amerikanske kritikere.

Uansett, programmet satte i gong ein viktig debatt som har pågått over lang tid. Mullah Krekar skal ut av landet, det er det eit juridisk vedtak på, og alle partier er einige om dette. Problemet er at Norge i følgje internasjonale konvensjonar og reglar, ikkje har lov å sende Mullah Krekar til eit land kor han risikerer dødsstraff eller tortur. Her ligg uenigheiten mellom AP og FRP. Framskrittpartiet seiar regjeringa ved Støhre har gjort altfor lite i forhold til å jobbe fram ein utleveringsavtale med irakiske styresmakter, mens Støhre seiar at situasjonen i Irak pr dags dato ikkje er tilfredsstillande nok til å sende den tidlegare leiaren av Ansar Al Islam dit, og samtidig vere sikker på at internasjonale konvensjonar vert overhaldt. FRP meinar det nemnte dokumentet skreve under av kurdiske styresmakter, som har stort sjølvstyre i nord-irak, er godt nok til å sende mullahen ut av Noreg. Mens regjeringa meinar at kun sentral irakiske styresmakter (den irakiske regjering), kan vere den aktuelle og godkjente partneren i ein eventuell utleveringsavtale. Carl I Hagen går i programmet så langt som å seie at visst Siv Jensen verte den nye norske statsministeren, er Krekar ute av Noreg innan 100 dagar.

Eg er godt kjent med løftebrudd av alle norske partier, men eg har aldri opplevd at eit parti har greid å levere eit slik løftebrudd lenge før dei eventuelt er i regjering. I følgje advokaten til Mullah Krekar, Brynjar Meling, så vil det ta opptil 3 år etter ein eventuell avtale med Irak er skreve under, til mullahen kan vere ute av landet. Det vil seie at Hagen bommer med 1000 dagar og leverer eit gigantisk løftebrudd i ein viktig sak lenge før valget. FRP visar i denne saken, som så mange andre saker, ei enkel tilnærming til problemet. Partiet seiar det alle nordmenn vil høyre utan å tenkje på for eksempel internasjonale reglar og Noreg sitt omdømme ute i verden. Etter mi meining gjer utanriksmininstaren vår det heilt rette når han seiar at forholda i Irak endå ikkje er gode nok til å sende Krekar ut og at eit dokument som NBC framskaffa, må vere skreve under av viktigare styresmakter enn kurdiske, som kun opererer i Nord-Irak. Regjeringa kunne sikkert jobba endå hardere for å starte prosessen med ein utleveringsavtale og det fortjener den kritikk på, men FRP sin svart-kvitt politikk utan tanke på problemløysing og konsekvensar, er mykje verre. Eg håpar folk greiar å sjå litt bak dei populistiske utsagna til FRP, både i denne saken og i fleire andre viktige politiske spørsmål, og vil forstå at deira politikk ikkje vil gjere Noreg til eit betre land å bu i, men verre. Politikken deira baserer seg på populære uttalelser, som Hagen sin i denne saken, men det finnes også andre eksempel. Blant anna skal alle i Noreg betale mindre skatt, mens velferdstilbuda skal verte endå betre enn dei er no. Å effektivisere offentleg sektor kan sikkert framskaffe litt ressursar, men ikkje på langt nær så mykje som skattelettelsane til FRP utgjer. FRP har levert eit kjempeløftebrudd på direkte tv i Krekar saken og eg garanterer det vil verte mange fleire om partiet får mykje makt. Kva som er verst av ein Mullah Krekar i husarrest i Oslo eller eit Mullah FRP i regjeringskontora i Oslo, er eg ikkje sikker på....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar