tirsdag 21. juli 2009
Israel vs Palestina
Eg les idag, til stor glede, at Israel endeleg vil starte ei viss evakuering av ulovlege busettingar på Vestbredden. Obama og den amerikanske administrasjonen har lagt så mykje press på den høgre orienterte regjeringa til Nethanyahu at dei ikkje har anna valg enn å bøye av. Denne gongen er det kun snakk om 23 ulovlege busettingar, men forhåpentlegvis vil presset frå amerikanarane vedvare og føre til meir omfattande evakuering av jøder i områder som ifølgje FN høyrar Palestinerane til. Det vil aldri verte fred i Midtausten så lenge Israel ikkje er villige til å stanse bygginga av nye busettingar på okkupert land og evakuere dei allereie ulovlege oppsatte på Vestbredden og i Aust-Jerusalem. Israel må, som den millitære overmakten i dette området, og som det demokratiske samfunn det er, vere den part som tek initativ til fred og forsoning med den arabiske befolkning, som aldri vil forsvinne uansett kva Israel måtte gjere. Derfor eksisterer berre eit godt alternativ og det er å leggje rammebetingelsane for fred til rette. Start med å evakuere ALLE ulovlege busettingar (tvangsevakuere slik som i Gaza visst det må til), gje tilbake alt okkupert land og la alle flyktningar få vende tilbake til sin heimstad. På ein annan side må Palestinerane slutte å skyte raketter mot Israelske mål og Hamas må endre sitt standpunkt og seie klart og tydeleg at dei vil leve side om side med jødane i framtida der Gaza, Vestbredden og Aust Jerusalem vil utgjere Palestina. Dessverre er det slik per dags dato at dei ekstremistiske kreftene på begge sider har for mykje makt. Dei ultraortodokse jødane og busetterane på den eine sida mot Hamas og andre Jihad vennlege grupperingar på den andre. Dei moderate kreftene må tre fram og ta meir ansvar. Desse kreftene er i fleirtal og må ikkje verte stogga av meiningane og synspunkta til ekstreme folk som er meir interessert i å tolke sin religion bokstavrett, enn fred. Eg håper no at Obama og USA fortsetter sitt store press på Israel, og i tillegg legg til rette for at Abbas på den Palestinske sida er sterk nok til å vere den samlande lederen han må vere. Då kan dette vere starten på ei god utvikling!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar