onsdag 22. juli 2009

Kristne

Eg las idag ein fin artikkel i Sunnmørsposten skreve av Ole Martin Tonheim. Der skriv han om kristendommen og kva den representerer. Hovedtema er verdisynet til kristne i forhold til støtta til Israel, abort og homofili. Eg har stor respekt for kristne og deira tru, men eg er grunnleggjande uenig med forfattaren og dei som delar hans synspunkt i emna nemnt ovanfor.
Forfattaren skriv at dei kristne støttar jødane mot arabarane fordi i Bibelen står det at jødane er Guds utvalgte folk og Jerusalmen er Jesus sin eigen by. Å blande politikk og religion blir for meg totalt feil. Dette er to forskjellege saker som ikkje bør blandast. Dei kristne tek feil når dei tolkar Bibelen bokstavrett og vil bruke den som ei rettesnor for samfunnet si utvikling. Bibelen vart skrive for veldig lenge sidan og det er forskjellege måtar å tolke den på. Nokon, slik som forfatteren, tolkar den bokstavrett og seier at fordi det står i Bibelen så er det slik det er. Dette er etter mi meining feil. Bibelen har ei rekkje flotte verdiar som for eksempel nestekjærleik, og desse er viktige den dag i dag, men vi kan ikkje leve og rette oss etter ei bok som vart skrive for uendeleg mange år sidan.
I forhold til homofili så kan dei kristne prøve så mykje dei vil å spele ut kortet; "homofile må dei berre vere, så lenge dei ikkje visar det". På denne måten prøvar dei å ta vare på nesten sin som dei er så opptatt av, men det endar berre med at dei homofile blir enda meir diskriminerte av ei lita minoritetsgruppe av ekstreme kristne (mange liberale kristne har for lengst akkseptert at homofile har ein like naturleg plass i samfunnet som alle andre) . Eg meinar at kjærleik, og spesielt det å få vise sin kjærleik til eit anna menneske, er den viktigaste verdien i vårt samfunn. Då spelar det liten rolle for meg om du er glad i nokon av same kjønn. Ingenting er betre enn at alle, uansett legning, kan få denne mulegheten. Nokon kristne, dei ekstreme som det fins mange av (Indremisjonen v/Furnes, biskop Kvarme, bedehusmiljøer) meinar at homofile bør gå til lege/psykolog for å omvende seg, eller bli "frisk" som dei kallar det. Spørsmålet er kven som eigentleg burde vore på psykolog når dei klarer å seie noko slikt. Svaret gir seg sjølv.
Abort er eit vanskeleg tema, men etter mi meining må dagens reglar med sjølvbestemt abort gjelde fortsatt. Kvinnen må få bestemme sjølv over eigen kropp. At andre reglar gjaldt då Bibelen vart skreve, betyr ikkje at vi må leve slik som då, slik som nokon av dei mest fundamentale kristne vil. Ein av desse fundamentale kristne personane har lagt ut skremmevideoar på YOUTUBE. På desse kan du sjå groteske bilder av aborter som skal få kvinner til å sjå at dei gjer noko gale, og meir eller mindre føle seg som ein som tek eit liv. Dette er eit eksempel på manglande respekt for kvinner i ein vanskeleg situasjon. Slike tiltak vil berre forverre ein allereie meget tøff beslutning, og det viser med all tydelegheit kva ei bokstavtru bibeltolkning fører til. Visst vi skal bruke forfatteren sine eigne ord, "for det står slik i bibelen", så vil det seie at han vil tilbake til ei tid der kvinnene ikkje har noko å seie, sjølv over eigen kropp. Eg har høyrt folk frå lokal Indremisjon, ein organisasjon eg meinar er fundamentalistisk i ein del synspunkt, seie at dei vil at kvinnene skal vere heime å lage mat, passe barna og vaske huset. Utdanning, jobb og det å tjene penger (forsørge) er mannen sin jobb. Makan til umoderne og ekstrem haldning skal du leite lenge etter! Eg er ikkje truande, men respekterer sevfølgeleg alle sine synspunkt, også dei ekstreme kristne, men eg er grunnleggjande uenig med dei i desse viktige sakene som har blitt diskutert her i dette innlegget. Problemet etter mitt skjønn, oppstår når desse kristne skal tolke Bibelen bokstavrett og styre samfunnet i 2009 etter det som står der. Dagens samfunn er heilt annaleis enn det var då Bibelen vart skriven og då må den brukast deretter. Å tru er ein ting, men når dei kristne bikker over til å vite, då er dei på feil spor. Det står i Bibelen at dei som ikkje trur på Jesus Kristus og tek imot han havner i evig fortapelse. Då er det vel ikkje håp for ein som meg då?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar