søndag 23. august 2009

Skulestart, Coldplay og bryllaup!

Kvardagen ruller seg innover oss, mens sumaren ruller vekk. Det betyr ikkje at det ikkje skjer mykje kjekt. I veka som har vore har eg starta på lærarskule i Volda, tatt turen innom Bergen for å høyre Coldplay spele og vore gjest i eit flott bryllaup.

Det var på tide at eg starta på ei utdanning. Eg blir ikkje yngre og tida flyg fort. No har eg endeleg byrja på noko eg føler passer for meg, både som person og fagleg. Allmennlærarutdanninga tek 4 år og eg er fast bestemt på å fullføre den med stil. I første veka var det stort sett å bli kjent med skulen, lærarar og klassekamerater. Alt ser bra ut og eg hadde nokon fine dager i Volda første veka. I komande veke tek hybellivet også skikkeleg til. Det blir spanande å sjå korleis eg klarar meg på eiga hånd utan kjæresten og mor i nærleiken:)

23000 mennesker som hoppa, sang og vifta med armane i nesten 2 timer. Konserten i Bergen med verdens beste band vart ei stor oppleving som eg vil huske resten av livet. Eg har aldri før sett ei så stor scene. Den innehaldt blant anna 3 storskjermer som ga fantastiske bilder ut til publikum. I tillegg var lyden meget bra. Veret var heldigvis også på vår side. Overskya, litt vind, men fin temperatur og opphald. Reisefølget bestod av min bror og ein del andre kompiser. Alle var i fin form, med eit spesielt unntak:) Denne mannen var vel det oss kan kalle over grensa.... Ingen namn nemnt, men det ordna seg til slutt.

I vakre omgivelser i Stordalen gifta eit vennepar av min kjærest seg igår. I strålande solskinn fekk vi sjå dei gi kvarandre sitt ja, mens det utover kvelden vart mat, taler, drikke og ikkje minst mykje DANSING. Eg må vere tidenes dårlegaste danser, men uansett var eg titt og ofte på dansegolvet med jenta mi. Trur det er på tide med eit dansekurs, for den eldre garde på festen viste imponerande polka og swing takter. Vi som er på veg til å bli gamle og voksne satt stille på stolen og beundra... :)

P.S: Leeds vann sitt femte strake mot Tranmere igår... Håpet om opprykk veks dag for dag, kamp for kamp...

Ha mot til å håpe!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar