mandag 17. august 2009

Ei hærla helg:) !!!!

Helga som nettopp har vore, vart ei flotte ei på alle mulege måta. Mykje god mat, blant anna nydleg klippfisk på søndagen. Ein super argentinsk raudvin har sørgja for at væskeinntaket også har gitt store gleder heile helga. Koselege vennebesøk både fredag, laurdag og søndag, mens fotballresultata har gått rett veg. Leeds vann sin tredje strake, mens Liverpool tapte og spelte elendig. FLOTT! Pokeren blant venar på fredagen var kjekk både sosialt og økonomisk, mens wii spelinga og tacoen på laurdagskvelden sørgja for at både smil og vinnervilje kom fram. Tek eg med at Vigra vann ein viktig siger på torsdag (torsdag er ein forberedande start på helga) så skjønar alle at eg ikkje kan klage. Uansett, det kjekkaste med helga, har vore at eg og min strålande kjærest har storkosa oss saman, både aleine og saman med venar og slekt. Takk!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar