onsdag 9. september 2009

Kyrkjevalet 2009 og landskamp

Har akkurat sett ein ok landskamp. Bra 1.omg, men frykteleg dårleg 2.omg. VM kvalikken over. Eit nytt VM utan Noreg. Dessverre! Lat Jan Jønsson ta over landslagsjobben. Nye metoder med ein fagleg og menneskleg sterk trenar. Kåfjord ut. HELDIGVIS! Ny toppfotballsjef også på veg inn. IKKJE Semb. Please! Eit nytt fotballnoreg er vegen å gå.

Årsaken til denne bloggen. Kyrkjevalet 2009. Eg skal stemme for ei inkluderande og moderne folkekyrkje. Det vil seie tillitsvalgte som blant anna er for homofile prestar. Diskriminerande mørkemenn kan gjere noko anna enn å ta vare på kyrkja vår. Eg er ein varm tilhengjar av ei liberal og moderne kyrkje som alle kan føle seg vel i. Derfor håper eg alle stemmar på personar i kyrkjen som er åpne og liberale i sitt bibel og menneskesyn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar