tirsdag 11. august 2009

Leeds United- Marching on together....

Då er den engelske fotballsesongen i gang og laget i mitt hjerte, Leeds United har starta bra med 2 seiere på 2 forsøk. Exeter vart slått 2-1 på Elland Road i ligapremieren foran over 27000 tilskuere, mens Darlington vart slått 1-0 borte i gårsdagens ligacupkamp.

Siste 2 sesongane har blitt enormt skuffande for meg som Leeds supporter. Begge disse sesongane har eg hatt store forventningar om opprykk til Championship, men begge gangane vart sesongen øydelagt av forferdeleg dårlege perioder frå desember til januar. Nå er håpet om opprykk tent på nytt. Simon Grayson tok over på slutten av fjorårets sesong og har gjort ein kjempejobb fram til no. Han er ung og dyktig! Laget ser på papiret bra ut, men salget av Delph til Villa har gjort at vi treng meir kreativitet på midtbanen og litt meir styrke i dei bakre rekker. Eg vil at pengane for Delph brukes til ein sentral midtbanespelar, ein kantspelar, ein sideback og ein midtstopper. Klarer Grayson å få inn kvalitetsspelere i desse posisjonane vil det gjere oss kapabel til å takle nivået i Championship mykje fortare ved eit eventuelt opprykk. Hittil i år har vi henta inn Kisnorbo frå Leicester. Midstopper som speler for det australske landslaget. Doyle er på lån fra Coventry og kan ta ein posisjon sentralt på midten, mens Crowe har blitt henta på free transfer frå Northampton og gir oss fleire alternativer på sideback plassene. Disse spelerane styrker oss, men som sagt trur eg vi treng fleire kvalitetsspelere inn, spesielt ettersom Delph forsvann.

Ungdomsavdelingen til Leeds har alltid vore bra og det viser salget av Delph at den fortsatt er. I dagens stall har vi White, Webb og Elliott som gode talent i a-stallen. Alle disse spelerane har stort potensial, men det er vel kanskje White, som fekk nokon kampar ifjor som v.back, det er knytta størst forventningar til. Eg håper Grayson tør å bruke dei unge så ofte som muleg for det vil Leeds tjene veldig på i framtida. Økonomien vår tvinger oss til å satse på ungdommen både i akademiet og ikkje minst gi dei sjansen i kampsamanheng når dei først har blitt tatt opp i a-laget.

Grunnen til at eg har tru på opprykk også denne sesongen ligg først og fremst hos Grayson og hans dyktighet. I tillegg har vi beholdt alle viktige spelere utenom Delph, og vi bør ha penger etter spelersalg til kjøp av nye spelere. Leeds bør også dra fordel av ei fantastisk støtte både i hjemme og bortekamper. Å ligge på opp mot 30000 tilskuere i league one er utruleg bra. Lat oss håpe dette blir året der vi tek eit skritt nærmare Premier League for det er der vi høyrer hjemme.

Marching on together.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar